"Jakob Sande" i Fosnavåg.
Ørsta Mannskor presenterer Jakob Sande i ord, tonar og bilete!
Bondeguten Jakob Sande var frå Dale i Sunnfjord, fødd i 1906, og utmerka seg tidleg som eit «flogvit» med mange talent. Bakgrunnen hans i eit miljø med store sosiale skilnader og kontrastar, vart ein innhaldsrik basis for hans dikting og litterære liv. Dei radikale miljøa i lokalsamfunnet, oppveksten i ein kulturglad open heim, forteljartradisjonane, som både var i familien og hos fastboande taterar, laga eit rikt tilfang av idéar til den observerande Jakob’en. Naturen og naturbileta i skildringane hans vert ofte brukt som metafor for kva som skjer gjennom mennesket si livsreise.
Diktinga spinn rundt flere tema, som vestlandsnaturen, sjømannslivet og livet på bygda. Likeeins dikt som tek opp sosiale spørsmål og klassiske tema, som kjærleiken og døden. Dikta veksler frå grotesk humor, som i «Kallen og katten» og «Likfunn», til sentimentale og kjensleladde dikt som «Fløytelåt» og «Vesle Daniel». Døme på dette kan du oppleve i forestillinga vår.
Korsong med tonesette dikt av Jakob Sande
Deklamasjon: Harald Aambø, akkompagnert av Arne Otto Myklebust på trekkspel.
Solist innslag: Øyvind Granden Berg, Arne Jan Vollsund, Kyrre Grimstad og Børre Lødemel.
Musikalsk leiing og direksjon: Øyvind Granden Berg
Alt dette under lun og humoristisk leiing av Kyrre Grimstad.
Ver hjartans velkomen!
Nyt ord, tonar og bilete.

Det Norske Mannskor i Ørsta Kyrkje.
Det Norske Mannskor er Noregs beste og einaste profesjonelle mannskor og består av 18 dedikerte songarar leia av dirigent Marius Skjølaas.
Ensemblet har turnert i alle dei store byane i Noreg og har sunge ved utdelinga av Nobels Fredspris, deltatt på Stortingets juleavslutning, sunge to gongar ved den prestisjefulle Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival, deltatt på Nationaltheaterets Ibsen-festival og var Norges representasjonskor under Nordisk Kirkemusikksymposium i København i 2025. Koret var i august i år ett av tre kor fra Europa som er invitert til å delta på World Symposium on Choral Music i Macau i Kina.
Konserten er i samarbeid med det tradisjonsrike Ørsta Mannskor som står som arrangør og vil også bidra musikalsk. Elskar du kor og spesielt mannskor so er dette ein sjeldan og unik sjanse til å kome i den rette Julestemninga. Det er begrensa med sitteplassar i Ørsta Kyrkje og det vil verte utseld!