Om vårt kor

Ørsta, Norge

24 Medlemmer

Info

Tid og sted for øvelsene våre
TidspunktSted

Mandager

18:00 - 20:30

Ta kontakt for mer informasjon
"Ørsta Mannskor" er heile Ørsta sitt mannskor.   Koret vart etablert i 1994 under navnet "Ørsta Lionskor" og rekrutterte då medlemmar kun frå Ørsta Lions Club.   I 2018 endra vi navn til Ørsta Mannskor og fleire kan være med.   Vi tel i dag ca. 25 medlemmar og nokre har vore med sidan starten.   Vi øver i Ørsta Frikyrkje kvar mandag kl.18.00-20.30   med kaffe og sosial drøs i pausen midt i.  Vi har som mål å opptre på alle alders- og sjukeheimar i kommuna minst to gongar i året på kvar plass utan honorar. Vi opptrer også på folkefesten 17. mai, i kyrkjene før Jul og ellers etter ynskje.   Vi opptrer også ved ulike arrangement på kulturhuset anten det er eigen korkafe i lag med andre kor eller som underhaldning på eldrefestar og anna.   Med ujamne mellomrom har koret arrangert eigne konsertar med ulikt innhald og dei siste åra har koret hatt stor suksess med forestillinga "Jakob Sande frå Sunnfjord til Rio og attende" med fullsett (utseld) kulturhus.   Vi tek også på oss minikonsertar mot honorar.   Medlemmane i "Ørsta Mannskor" legg ned eit stort antal timar i året med øving og opptreden for å glede seg sjølv og andre.   Dirigent: Øyvind Granden Berg.     Styreleiar/kontaktperson: Per Ove Leira,   Tlf. 95219725   Epost: p-oleira@online.no